Lørdag 01.11.2025 kl. 16.00 i Moss Samfunnshus

Anita Nordheim Blues n’ Groove Company spelar blues- og groovemusikk, slik den er meint å bli spelt. Rått, med følelse, og utan noko juggel.
Bandet kom med debutalbumet Despite i september 2022 og var på norgesturné. No har bandet over 450. 000 streams på spotify på første plata si og spelar både klubbkonsertar, event og festivalar rundt om i landet med svært gode tilbakemelding.
Dei har spelt på Notodden Bluesfestival, Trandalblues, Fjordblues, Den lille bluesfestivalen i Bergen for å nemne nokre festivalar. Ei rekke bluesklubbar har fått gleda av bandet som i år gjer ut sitt andre album. Vi kan nemne Bjørgvin bluesklubb, Sandnes bluesClub, Haugesund bluesclub, Ramsøy bluesklubb og Stavanger Bluesclub.
Albumet er tilgjengelig på alle digitale flater, sjekk oss ut!
Høyr liveopptak av oss frå NRK Luttprisen 3. februar i år:
Bandet sine to låtskrivarar er Anita Nordheim og Tore Kvalvik.
Bandet:
Anita Nordheim Leadvokal, baryton- og alt saksofon
Tore Kvalvik Gitar
Marius Mathisen Trommer
Peter Sæverud Bass
Blåserekke :
Tancred H. Husø Trompet
Håvar Skaugen Tenorsaksofon
Heimeside https://www.anbngc.no/ og facebook

Comentarios